mandag 25. august 2014

Eikemo i Masfjord

I ein liten dal,
gøymt mellom fjell og ur
ligg to små gardsbruk.
Morgonsola er komen opp over åsen
då eg rusler ein runde på det eine bruket
 - blomane på tunet har dogg og regndråper på
 - graset er vått, og dråpane skin som tusen små soler
 - eg vert var eit lite spindelvev med mange dråper på
 - lilla blomar strekker seg mot morgonsola
 - flittige humler arbeidar med sitt
 - elva renn stille gjennom dalen
 - litt større dyr har vore her i løpet av natta,
eg kjenner eimen av vilt.
Når eg ser nærmare etter, 
så finns det tydelege spor i graset,
der hjorten har gått
 - eg er ikkje åleine ved elvekanten,
ein frosk hopper mellom gras og strå,
her er fuglar som kvitrer,
og fisk som vaker,
mang ein sommarfugl fyk frå blome til blome på lette vinger
 - her er det stillhet og ro som rår
  - i det fjerne høyrer eg at elva bruser,
der ho brøyter seg fram mellom steinar og fjell
 - her er tydelige tegn på at det går mot haust
 - eg passerer det gamle markaleet (grinda) som ikkje lenger er i bruk
før eg igjen er tilbake på gardstunet
 - morgonen er blitt dag
då eg gjer ein ny tur - denne gongen i bil.
- til den stadan der elva på Eikemo renn ut i havet.
Godt gøymt bak buskar og tre,
kan ein sjå ein større foss 
 - etter nokre meter på ein litt usynleg sti
får ein full oversikt over eit flott fossefall.
Fossen har to utløp,
elva frå Eikemo er på høgre sida
 der fossen møter havet,
var det ein gong i tida eit sagbruk,
- i dag er det berre eit falleferdig skur som er att
 - Eikemofoss renn ut like under gardsbruket på Solhaug
- ein stad langs den lange Masfjorden,
heilt nord i Hordaland Fylke
- Norge er eit vakkert land...

3 kommentarer:

  1. Hei!
    Det gjelder å ha øynene med seg og kamera på lur! Fine bilder fra flott natur!

    Ønsker deg en fin dag!

    Klem

    SvarSlett
  2. Ja det er helt sikkert. Norge er et flott land.
    Vi er velsignet
    Her var det mange nydelige naturbilder.
    Blir aldri lei av å se bilder av flott natur.
    Ønsker deg fortsatt ei herlig uke :)

    SvarSlett
  3. Sikkert og visst, Norge er et flott land! Og flotte bilder du tar!
    Klem ;)

    SvarSlett