fredag 29. september 2017

Sånn litt før regnet kom...

Regn og sterk vind er meldt.
Eg tok ein runde langs Jærhavet,
før skyene mala himmelen grå.
Obrestad havn
her bles det frisk og bølgjene har kvite topper
motlys bilete
skyene kjem sigande frå sør
den vesle kyrkja ved havet på Varhaug,
Bodle, Varhaug
- snur ein kameraet innover land
ser ein kvite skydotter mot blå himmel
ute havet er skyene mørke
dei mørke skyene kjem stadig nærmare
nesten tilbake på Nærbø
skyene er på vei innover land
heime på Bø
- skyene er tett på
og snart er himmelen grå
det magiske lyset forsvinn
og etter ei tid dett regnet i bakken..
- det vart med eitt haust,
grått, vått og vindfullt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar