fredag 17. august 2018

Knudaheio i sol og regn..

Grå tunge regnskyer hang lavt over steinhovudet 
av Arne Garborg
 Han Arne "skuer" ut over eit Jæren i vekslande vær
 han "ser" og ned på skrivarstova si,
på Knudaheio, Undheim i Time kommune
Diktaren Arne Garborg 1851-1924, 
budde ikkje så langt herifrå,
og brukte Knudaheiå om sommaren.
Både Arne og kona Hulda vart gravlagde på Knudaheio.
 medan eg var ved steinhovudet, kom regnet,
store dråper,
- eg søkte ly i bilen eit kort stund...
Litt etter kom sola tilbake,
det vart eit vakkert skue,
sola mot dei mørke regnskyene
 opp til hytta skulle eg,
om eg var aldri så våt...
det vart nesten heile skalaen av vær,
på eit bilete
sol, regn, vind
 sola følgte meg oppover mot hytta
 vel, tilslutt nådde neste regnbyge opp til hytta og..
 på ny, store våte regndråper
og fotografen søkte ly i vindfanget
(overbygg over øverste trinn på trappa, utanfor inngangsdøra)
 på garborghytta,
og venta på litt mindre regn.
vel, sånn kan det gå, 
når ein tek ut på tur i vekslande vær, 
utan regnklede
 tilslutt minka regnet,
og fotografen rusla ned att mot bilen
- dei grå tunge skyene vert lysare,
og eit liten flekk blå himmel viste seg
 når eg snur meg, 
og ser utover Jæren,
 er været ganske så godt.....
- ei kort stund, før regnet tek over på ny..
litt kortare tur enn planlagt,
men den kan eg gå ei anna gong,
då dette er kort vei frå min heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar