torsdag 23. august 2018

Langs Kongeveien

Rusleturen starta ved den gamle kyrkjegarden på Varhaug.
I det vesle kapellet er det plass til 14 personer.
Det var grå himmel,
vindstille og varmt
 fluer, humler og andre fykande små
samla seg på blomar og strå
 stien går ned mot havet
og ein steinrik del av Kongeveien
 her går stien,
 kuflokken er ikkje så nøye på det,
må dei eta eller kvila,
betyr det lite om det er midt på stien....
 dei ensar meg omtrent ikkje
- dei gløtter opp,
og fortsetter med sitt..
 Herifrå rodde Varhaugslosane ut ifrå,
ei ordning som var slutt mange år tilbake..
 stein var her nok av,
kosta lite utanom tungt slit,
mangt eit naust langs jærkysten 
er bygd på denne måten
 himmelen er grå,
men nokre nyaser er det å sjå 
- langt der ute i havet,
finns det meir og mørkare skyer
kanskje med regn og regnbyger
 om bare ein plankestubb kunne fortelja...
- kanskje om storm og stilla,
ei kort eller lang reis over havet,
- her kan ein bare la tankane og fantasien få rå,
ein plankebit med auge og munn kan bli til mang ei historie
 grått i grått
fleire skylag og nyanser i grått
grått og flott
 ivrige små
fyk frå blome til blome
nytter den fine dagen godt
 Bodle
 gamalt kvernhus
ingen dag er lik
heller ikkje morgon og kveld
- ein kan rulse langs havet
dag ut og dag inn,
alltid vil det vera endringer:
lys
vær og vind
farger,
årstider,
bølgjer
fugler og andre dyr
lista er uendeleg lang.
om ein berre tek seg tid til å sjå,
kjenne, føle
og være i nuet
vil ein få ta del i alt det fine 
som finns langs kyst og sjø.
(eller i skog og hei om det er der du ferdast)

1 kommentar:

  1. Her var det jammen stein på stein! Artig å se bilder fra turene dine! Det er fint å komme seg ut i naturen, få brukt kroppen og la tankene vandre.

    Riktig god helg!

    SvarSlett