Ein kald, grå, våt og disig dag,
vart med eitt litt varmare og lysare...
Eg var ikkje sein om å finna fram sykkelen...
Eg kjende fort at vinden fortsatt var i full fart..
- sterk motvind til tider.
Kyrne på Hå kjem springande,
så snart nokon stopper opp ved gjerdet...
graset er heilt sikkert bedre på utsida av gjerdet...
det er forsatt ikkje heilt klart i lufta
og sola kikker fram av og til
Heima på Bø
det er like før sola skin frå nesten blå himmel