søndag 5. mai 2019

litt om tur, Vær og solnedganger....

Det har vore stille her på bloggen ei,
noko som skuldast at eg har vore oppteken med andre ting.
Innimellom har eg vore ute på tur,
men stort sett korte lufteturer.
Sykkelen vart nok mest brukt,
når vi hadde slike fine varme "sommmardager" 
før og i påsken
 når eg suser i veg på sykkelen,
vert det og mindre fotografering.
Berre eit stopp her og der.
 steingardane på Nærland
fasinerer meg
her er steingard på steingard
- mang ei arbeidshand har hatt eit tungt arbeid her
 når eg sykler denne vegen,
er det fint å ta ein liten pause på Selvåg strand.
Her er ein fin plass å sitje ned,
lytte til naturens symfoni
og nyte sol og varme.
 hestablommen/løvetannen er snart på plass, over alt.
 eg sykler gjennom tunet til Hå gamle prestegard,
i dag brukt til utstillinger mm
 desse fine solskinsdagane
barkte med seg mang ein fin solnedgang
 her har eg prøvd meg med fleire innstillinger på kameraet.
 eg var bortreist nokre dagar etter påske
og kom heim att til eit værskifte,
kaldare, skyer, regn, ja sågar snøbyger...
 då er det greitt med korte turer
- her rett utanfor huset...
 sol og skyer kjemper om plassen på himmelen,
det var mest skyer og ned bør som vann.
 Solnedgangen ein av dei siste dagane
kveldsfargane viste seg eit kort øyeblikk,
før sola forsvann bak skyer og dis..
Ha ein fin dag der du er.

1 kommentar:

  1. Kjempefine naturbilder denne gangen også! Selv på sykkeltur kommer det blinkskudd fra deg. Kjekt at du deler på bloggen!

    God mandagskveld fra Ingunn

    SvarSlett