mandag 13. mai 2019

Dagens sykkeltur

Endeleg ein dag med litt mindre vind...
sykkelen har fått ein luftetur
Eg har sykla lang vei og sti,
langs mark og sjø.
over alt lyste det gult i gult
 hestablommane/løvetann
 breia seg ut over mark og eng
 vinden tok tak her og der,
sola skein frå delvis blå himmel
 ein tur nedom sjøen
 vipa stod stille eit øyeblikk
måtte nok sjå om eg kom for nært...
 her er steingardar mange
 blå, gult, grønt
vakkert skue
 i voien/vågen er det lite vatn og stille
 med eit kjem svaner i flokk
dei går inn for landing
det vart reise "svanesjøen"
frå sykkelsetet er det og mangt å sjå,
om ein ikkje bare suser avgårde
og tek seg tid til ein stopp i ny og ne.
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

  1. Jeg gleder meg alltid over bildene dine fra den vakre naturen der du ferdes! Det er så annerledes enn her jeg bor, og jeg ser skjønnheten. Ønsker deg en riktig fin 17. mai!

    Klem

    SvarSlett