tirsdag 7. mai 2019

Piran, Slovenias 3. eldste by

Eg har vore på reise i Slovenia. 
åleine og saman med Slovenske venner.
Dei første dagane brukte eg til å sjå meg om i Piran,
ta livet med ro
og bare gjera som eg ville.
Det vart fine dager,
luksus å bare tenk på meg sjølv.
Eg valgte først av alt,
å sjå byen ovanfrå.
Eg vandra opp til restane av den gamle bymuren,
som er bygd i det 10. århundre
muren har i dag 4 tårn,
som ein gå opp i
 Piran havn og Trieste på andre sida av bukta
Kyststripa til Slovenia er ganske kort,
plassert sørvest i Slovenia,
ved Adriaterhavet.
 her er trapp på trapp,
Etter mi meining er Slovenia
 landet med dei millioner trapper og brustein
 frå alle 4 tårna,ser ein ned over deler av byen,
 bymuren
 den eldste og mest kjente delen av byen,
 St.Georgs kyrkje 
barokk kyrkje bygd i åra 1592-1637
det er 133 trappetrinn opp til utsiktspunktet 
i klokketårnet.
Kyrkjeklokka er rett over oss,
når vi står høgt der oppe.
Klokka slo titt og ofte,
det vart mang eit hyl,
då klokkeringinga sette i gng over oss....
 havna gjennom vindu i tårnet
 mange hus tett i tett
 torget og havna
 byen er ikkje stor,
ein kan nok gå fort rundt byen på 1 times tid,
men då får ein ikkje med seg alt det fine byen har å by på.

1 kommentar:

  1. Artig å se bilder og tekst. Ukjent område for meg dette. Takk for info!

    SvarSlett