torsdag 27. februar 2020

Årets første snø

Det tidleg morgon
mørkeblått i horisonten
bakken er dekka eit tynnt lag med snø
årets første snø på Jæren
 det lysner av dag,
snøen vert liggjande på bakken
 sola skin på meg,
men mørke snøskyer kjem sigande frå sørvest
 det er ikkje så mykje snø,
men likevel høyrer ein ungane i nabolaget,
ute med akebrett.
Her nytter ein kvar ein anledning,
 til å skli nokre turer ned bakken,
med akebrett
 eg vandrer på eigne tufter
 kjenner på den friske lufta frå ein liten vind
sol som varmer om kinn
ser på skyer i fleire farger frå lyst til mørk blå/grå
Det er litt leit at vinteren her er kort,
alt frå ein time, ein dag eller kanskje to-tre dager.
Det er fint når landskapet vert dekka av rein og kvit snø,
måtte vi få nokre slike dager framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar