søndag 8. juni 2014

Volvotreff Røldal 2014

Dette er eit lengre innlegg om volvoar på volvotreff.
Mange av bilete er tekne i fart, 
gjennom bilruta, eller med strak arm ut gjennom sidevinduet.
.
7 volvoar i rekke og rad
 - på veg til Røldal og det 10. Røldalstreff
 - dei køyrer langs berg og fjell
- bakkar opp og bakkar ned
- ein campinplass er treffets samlingspunkt
- volvoar 7 vert etterkvart til mange
- snart står det volvoar parkert ved kvar ei hytte
- volvofolket studerer bilar og motor
-her er volvoar mange, både nye og gamle
- lørdag morgon
- sola er på veg opp og tunet er enno stille
- snart vert aktiviteten stor 
- volvoane samlast på parkeringsplassen
- før dei skal på tur
- ein etter ein dei ruller avgårde
- alle får med skjema med spørsmål og rom for aktivitetar
- som perler på ei snor, både liten og stor
- gjennom gamal bru
- langs vatn og snøkledde fjell
- rekka bak heng også med
- rekka stopper opp
- volvoane tek ein pause
- ved Flesefossen i Bratlandsdalen
- neste stopp ved Kilen og Hydro Energi, Røldal - Suldal kraft, Nesflaten
- Kontrollromet "Ufoen" er nylig prisbelønnet, 
og arkitekturen har fått ny oppmerksomhet
- ei praktisk oppgåve før vi køyrer tilbake
- nasen på bilen skal stoppast over sentrums sirkelen på teppet
- på smale veier 
 - gjennom vide dalar 
snart vi er tilbake og bilane får ein pause
- søndag morgon
- vert volvoane pakka fulle
- 7 volvoar reiser frå Røldal
- mot Rogaland og sine heimar på sørsida av fjorden
Heng du fortsatt med?
- då har du kanskje ein volvo sjølv, 
og har fått lyst å bli med til neste år....
du får meir informasjon på denne sida:
Kanskje vi sjåast til neste år!

mandag 2. juni 2014

Ei reise gjennom Slovenia 5

Den siste dagen på rundreisa gjennom Slovenia,
bruker vi til å bli litt meir kjent med Ljubljana, hovudstaden i Slovenia.
Byen ligg i den sentrale delen av landet,
mellom Alpene og Middelhavet.
Byen er velkjent sitt vakre og velbevarte bysentrum.
Gamlebyen fremstår som svært italiensk,
med mange kafeer ved elven og et varmt klima.
 - vi vandrer gjennom gatene
 - passerer mange flotte bygningar i gamal stil
- gamalt mot nytt
 - det er mykje liv i byen denne dagen.
Studentane har fått sine eksamenspapir - etter 12 års skulegang-
og feirer som dei alltid gjer,
med dans og fløyteblåsing i ei av hovudgatene
 - dei danser kvadrilje
 - eit heilt kvartal er avstengd for biltrafikk
 - med båt på elva Ljubljanica
 - under trippelbrua ved Tromostovje
 - Slakterbrua
 - kjærestepar har hengt opp hengelåser,
for å vise sin kjærlighet til kvarandre.
Nøkkelen kastes i elva
 - ved slusene gjer vi vendereis
 - dragebrua - med to dragehoder i kvar ende av brua
 - tilbake under trippelbrua
 - desse husa er bygde på forskjellig tid.
Det kan ein sjå på antal vindu,
ein periode var kun lov til å ha to vindu i bredden, 
andre år 3...
 - vi vandrer videre i gatene,
vi skal opp til festningen på høyden
Rådhuset
- ein finn mange forskjellige byggestiler
Frå Ljubljanski Grad/slott
kan ein sjå utover byen og langt utover bygrensa,
om ikkje skodde og regntunge skyer gjer alt grått...
- borggården
- turen opp og ned i festningstårnet gjekk vi i denne trappa.
Ei kreativ trapp må eg sei.
Trappa er smal og har einveisgåing...
dette oppdaga vi ikkje før vi kom opp,
der var det skilta ned på andre sida av trappa.
dei har laga to trapper i ei,
annakvart nivå går opp og annankvar ned.....
- det går mot min siste kveld i Slovenia.
Ei fargerik og humørfullt dame, - ukjent for meg,
har invitert oss alle på middag.
Der fekk eg og æra av å møte Benka Pulko
dama som åleine har brukt 5,5 år på ei reise verden rundt på motorsykkel.
ho besøkte 7 kontinent, 75 land og sette 4 guiness rekorder.
Dama opplevde mykje på turen,
og ville gje noko tilbake då ho kom heim att.
Ho laga sin eigen t skjorte kolleksjon,
der heile inntekta av salget går til eit bestemt formål.
Pr i dag klarer ho å betale skulegang for 1000 barn, i Tibet.
- etter eit veldig kort natt, vert eg køyrt tilbake til flyplassen i Zagreb, Croatia.
Mi fantastiske reise gjennom Slovenia er over...
- tusen takk til Polona og Karmen som inviterte meg,
 og ordna denne lærerike reisa gjennom landet.
Takk og til alle andre som tok imot meg med åpne armer,
inviterte meg inn på middag m.m.
de vil alltid ha ein stor plass i minneboka mi.