lørdag 18. august 2018

Vestlandstreffet 2018 del 2

alle får utdelt kjørerute i ord og bilete,
men likevel er det lett å kjøre feil
i ei rundkjøring eller eit kryss.
Dei flese bilane passerte meg,
der eg stod i krysset på Vik.
Har plukka ut nokre bilete herifrå
 eg har forflytta meg til Undheim,
der var det post med ei praktisk oppgåve.
Sjåføren skulle kjøre fram,
slik at det påhengte loddet 
skulle vise ned mot sentrum av sirklane.
mange poeng å hente her.
 litt etter litt kjem bilane inn mot post 3
 alle får utdelt bananer,
som og er ein del av poengsystemet.
poeng ved framvising av banan eller skall på neste post...
 nesten eit under at det er plass til to vaksne menn i denne bilen
mitt siste innlegg frå dette treffet.
- mange fine bilar, og mange glade mennesker
det var gildt å stilla som fotograf for denne gjengen

fredag 17. august 2018

Knudaheio i sol og regn..

Grå tunge regnskyer hang lavt over steinhovudet 
av Arne Garborg
 Han Arne "skuer" ut over eit Jæren i vekslande vær
 han "ser" og ned på skrivarstova si,
på Knudaheio, Undheim i Time kommune
Diktaren Arne Garborg 1851-1924, 
budde ikkje så langt herifrå,
og brukte Knudaheiå om sommaren.
Både Arne og kona Hulda vart gravlagde på Knudaheio.
 medan eg var ved steinhovudet, kom regnet,
store dråper,
- eg søkte ly i bilen eit kort stund...
Litt etter kom sola tilbake,
det vart eit vakkert skue,
sola mot dei mørke regnskyene
 opp til hytta skulle eg,
om eg var aldri så våt...
det vart nesten heile skalaen av vær,
på eit bilete
sol, regn, vind
 sola følgte meg oppover mot hytta
 vel, tilslutt nådde neste regnbyge opp til hytta og..
 på ny, store våte regndråper
og fotografen søkte ly i vindfanget
(overbygg over øverste trinn på trappa, utanfor inngangsdøra)
 på garborghytta,
og venta på litt mindre regn.
vel, sånn kan det gå, 
når ein tek ut på tur i vekslande vær, 
utan regnklede
 tilslutt minka regnet,
og fotografen rusla ned att mot bilen
- dei grå tunge skyene vert lysare,
og eit liten flekk blå himmel viste seg
 når eg snur meg, 
og ser utover Jæren,
 er været ganske så godt.....
- ei kort stund, før regnet tek over på ny..
litt kortare tur enn planlagt,
men den kan eg gå ei anna gong,
då dette er kort vei frå min heim.

tirsdag 14. august 2018

Skyer og farger i solnedgangen

Det er stillhet og ro som rår
når eg vandrer langs med hav og strand
lytter til bølgeskvulp,
og ein og annan fugl som kvitrer
ser på fugleflokken som som danser lett over strand og sjø
 farger og skyer endrer seg i takt med solnegangen
det er fint å bare være i nuet,
og kjenne roen finne veien inn i kropp og sjel