mandag 11. oktober 2010

Kveld ved havet.

I det dag går mot kveld
vandrer vi langs havets kant
.

- på høyden ser vi ned mot Obrestad hamn
.
- steingard i kveldsol
.
- på si ferd mot havet
.

fargar sola landskapet med sin gylne farge.
.
- det er godt å gå slik i vindstilla,
.
ta til seg av roen og freden
.
og fylgja sola på si ferd mot havet.
.

I morgon kjem atter ein dag,

håper den blir god for alle.

Ei helg i Helgen

Denne helgja har eg halde hus på Hjelseth gård
som ligg i Helgen i Telemark.
Vertskapet, potet/grisebonden og fruen
.
opna sitt hus, gav oss mat og seng i beste hotellklasse.
.
Fruen var min medelev på Voss Folkehøgskule i 76/77
.
og vi har brukt dagane til å sjå tilbake på skuleåret på Voss.
.
Veldig kjekk og koselig helg.
.
Garden ligg ved Nordsjøvatnet
.
Hjelseth brygge finn ein rett nedanfor huset
.
her det rom for båtliv, fiske og bading
.
- det vart mest mimring og lite uteliv på oss.....
Ha ein fin haustdag alle saman.

onsdag 6. oktober 2010

Dykk i arkivet - tema tre

I dag har eg rydda litt i fotoarkivet
- det er både morosamt og ein del arbeid....
.
sånn litt tilfeldig fann eg ein fotoserie av tre, frå 2008.
.
- tre på stein
.
- tre på fjell
.
- gamalt tre
.
tre med skugge
.
- tre ved vatn
.
tilslutt tre ved fjell
.

Ha ein fint haustdag.

tirsdag 5. oktober 2010

Bølgjer

Det har blitt mest inneaktivitetar dei siste dagane
på Jæren har det blese stiv kuling
og regna i bøtter og spann.
.
bileta eg viser i dag,
er frå strandturen før helga
.
bølgjer er fasinerande....
.
Eg vil ynskja alle ein god dag.

søndag 3. oktober 2010

Gloppedalsura - i regn og tåke

Det er haust og det ruskar ute......
og det freister ikkje mykje til å gå på tur.
.
Vi tok ein tur med bilen i staden.
Regnet dett i bakken og vinden tek godt mellom fjella og,
så eg må bare innrømma at fleire av bileta vart tekne frå mitt sete i bilen.
.
Gloppedalsura sett frå Byrkjedalsida.
.
Gloppedalsura blei skapt for 10 000 år sidan
då isbreen smelta bort frå Gloppedalen,
og vert omtala som Nord Europas største steinrøys.
.
Det er enorme steinblokker og bilen midt i biletet vert liten i forhold.
.
Eit gamalt sagn seier at det i gamle dagar låg ein gard i Gloppedalen,
men folket der var gudlause, dei drakk og slosst i dei hellige juledagane.
Da falt fjellet ned og begrov garden,
men i sju samfulle år kunne folk høyra ein hane gala under steinane
Den hadde kome oppi ein kornbinge....
.
- me forlet ura...
.
Gloppedalsura sett frå Veen.
.
Etter ein kort stopp
går ferda vidare på smale og svingete vegar.

fredag 1. oktober 2010

Frisk tur ved jærhavet

Dei vindstille og fine haustdagane er forbi
.
og hausstormane på veg
.
slik kjentes det og ut i dag.
.
Sterk vind, "sandstorm", sol og tung sand å gå i.
.
- bølgjer som kjemper i motvind
.
er eit flott skue.
.
- i solskinet fekk alt så vakre klare fargar.
. - denne vesle vika ligg i le for vinden
.
- med bakoversveis, sand i hår og munn og sliten kropp
var det jammen godt å koma inn i bilen...
.
- men sjølv på slike dagar er det herligt med ein tur på stranda....