onsdag 17. april 2013

Lite uteliv = lite blogging....

Når formen ikkje er på topp,
-  "godstolen" er den plassen ein syns best om,
- når lyst og energi ikkje er på plass,
- når kroppen ikkje orkar ein tur
- ja, då vert det lite å blogga om....
Slik har det vore her den siste tida....
Eg har sett på solnedganger frå stova
 - dette blir siste solnedgang frå stova i denne omgang,
framover våren og sommaren, må eg på stranda for å fylgja sola heilt i havet
 - vinteren har vore lang og kald i år,
gleda var stor, 
då denne einslege mini påskelilja dukka opp i hagen, 
ein iskald april dag
 - det er fint med slike stader der ein kan bruke bil heilt til sjøen,
slik at ein kan nyte solnedgangen utan å gå noko stykke
 - frå stova kunne eg sjå storspovar som landa rett utanfor huset
 - ein kort tur til eit sauehus for å sjå "vårens vakreste eventyr"
 - 3 av 4 søsken
 - nyfødt og ustødig
 - ein tøff start på livet....
 - naboen byrja med våronna - det må jo tyda på at våren er nær
 - snart var dei første plantene i jorda
 - eit værskifte er på gang...
- etter veker med kalde klare frostdagar,
var det ein morgon lilla, grått og blått i soloppgangen.
grå skyer seig innover i landet, vinden auka på og regnet kom..
 - etter eit par dagar tek eg turen Madland havn
- sjøen har roa seg ein del.....
 - eg slutter med eit besøk på Varhaug gamle kyrkjegard.
Her har vore kyrkjer frå den eldste kristne tid.
Den første ein kjenner til, er frå 1328.
 - kyrkja er liten og har bare plass til 14 personar
 - kyrkja tilhøyrer gardsbruka i nærleiken,
men har vore brukt av andre til bl.a. bryllaup
- denne serien er eit kort resyme av dei siste 3 vekene.
No satser eg på "bedre og varmare tider" og at eg snart er på tur igjen....
Tusen takk til alle som besøker bloggen min,
og for alle gode tilbakemeldingar!
Det gleder meg at så mange likar bloggen og bileta mine.
Ha ein fin dag alle saman!

tirsdag 2. april 2013

Tur til Eigerøy fyrstasjon

Nord på Eigerøy utanfor Egersund,
ligg Eigerøy fyrstasjon.
På Segleim er det laga parkeringsplass,
og kjem ein med båt, 
finns det ei småbåthavn aust for fyret.
 
- turen går gjennom flott terreng over Midtbrødøya
- dei første 1,6 km er på grusveg.
 
 - vegen svingar seg rundt sjø og fjellknauser
- fleire stader ser ein tilbake til Segleim
 - Eigerøy fyr - eit rødt jerntårn med kvitt belte.
- Det er 32,9 m høgt og har 134 trappetrinn.
Det vart oppført i 1853, autorisert og avfolka i 1989.
- oppe i tårnet er det god utsikt
- til Obrestad fyr i nord
 - til Lista i sør
 - og langt innover i landet
 - nede ved fyret ser ein fyrmesterboligen,
kor ein av og til kan ein kjøpe kaffi, vafler eller pølser i brød.
- vi hadde rast og kaffi med noko attåt, ved boligen,
 - før vi tok fatt på heimturen
 - snart er vi tilbake til parkeringsplassen på Segleim.
 I dag står Eigerøy fyr og kneiser ytterst i havgapet, 
og er eit trygt landemerke og lyspunkt for sjøfararane.
Det er eit eit yndet utfartsmål for både eigersundere og tilreisende.
Lokale ornitologer og andre fugleinteresserte har stasjon her ute,
og observerer trekkfugler og fuglelivet ved havet.

mandag 1. april 2013

Vårstemning i fuglaparken på Nærbø....

Det har vore ein lang vinter her på Jæren,
 enno er det kuldegrader om nettene.
Likevel har nokre krokkusar funne vegen opp av jorda,
dei bærer bud om vår.
- store deler av vatnet i fuglaparken er enno islagd,
men har såvidt begynnt å smelta langs kantane

- over alt såg eg stokkender, mange fleire enn dei som pleier å vera her.
Dei fleste har ein stopp her, og fyk vidare når det vert litt varmare i lufta.
Fru stokkand kviler i sanden

- herr stokkand pusser fjørdrakta
 - kalkunen haldt på med sitt
 - herr og fru stokkand varmer seg i sola, i lag med mange andre ender
- perlehøna stakk avgårde då eg kom,
om det var kameraet eller fotografen som skremde henne, er litt uvisst
 - denne vandra åleine der trea skygga for sola og bakken var frosen....
 - sjå på meg, don juanen
  med den flotte sveisen...
- "eg kviler, men må berre ha ein liten gløtt på auga,
for å sjå kva denne fotografen driv på med..."
- herr hanefar på veg inn i sitt hus
- fru høne sparkar i jorda og leitar etter noko å eta
- fru påfugl går for seg sjølv 
- herr påfugl er oppteken med sin venn, den kvite påfuglen
- den kvite påfuglen er litt sky
 - herr påfugl, ein staselig og flott kar
 - fuglaparken er mykje besøkt av store og små frå heile Jæren,
sommar som vinter.
Det er morro å sjå korleis fuglane flokkar seg rundt ein, 
når ein har med gamalt brød til dei.