onsdag 29. juli 2009

Tilbakeblikk

Her som i store deler av landet, dett regnet ned i bøtter og spann. Eg har rydda litt i mitt store fotoarkiv, og vart sitjande å lengta til ein av dei stadane eg ofte var som barn. Det var her ho bestemor budde, og kvar sommar var vi der på ferie.

Dei hadde eit lite fjos, me 6-7 kyr. Dei stod på trebåsar, og den moderne verden hadde ikkje innhenta dette gardsbruket. Når lorten skulle ut, opna dei ei dør i enden av renna og måka det rett ut i hevdafjoset. Me barn var som barn flest - høgt og lågt - og alt som skjedde var jo spanande. Ei gong stakk eg nok nasen litt for langt fram - og brått låg eg i hevdafjoset med lort til livet....... I dag kan eg ikkje hugsa kven som var min redningsmann, men reknar med at det var min onkel. Han måtte "vassa" i lorten frå utsida og inn til han fekk tak i meg. Jaudå, den historia har eg fått høyre nokre gonger opp igjennom åra.



Det var alltid stas å koma til Milde, ned på brygga og til naustet- det naustet som ikkje er raudt. Her har eg fiska mang ein mort, og funne småkrabbar i mellom steinane. Å vera med onkel ut i båten var og stor stas. Ein del fiskar har vi fiska, men det var ikkje alltid like stas å få dei til middag etterpå.

Med Sofusen (onkel sin båt) utover fjorden, ja det er mangt som kjem i tankane når ein begynner å mimra litt.

På godversdagar, med slekt og venner samla til samvær på bryggja - med tante sitt gode bakverk - ja det var tider det.......

8 kommentarer:

  1. Så koselige bilder Fra Fana.
    Ser vel litt annerledes ut nå.
    Jeg var endel hos min tante og onkel som barn.
    Det var nært Flesland, men for så mange år siden
    så var jo det som å reise på landet .
    Vi for kose oss videre med mimring om sommere som har vært
    Ha en fin dag

    SvarSlett
  2. Nå kom eg og i mimmretagen.
    Sån var det når man var liten.
    Det var mest morsomt og masse lek. Men det var og litt triste ting.
    Men det var bedre vär når man var liten. Det husker eg da...

    Har värt ute og klippt plen. Blev akkurat ferdig för det bynte å renge igen. Det er ikke så morsomt lenger med bare regn. Vill ha litt sol....
    Får ta fram gamle minner...
    Klems Synne.

    SvarSlett
  3. Åååå, for ein idyll!! Forstår godt at du drøymer deg tilbake til tider som var. Og sola skein alltid "før i tida" :-)

    SvarSlett
  4. Hej solsikken
    Skøn at høre om dine oplevelser som barn hos din bedstemor Jeg kender så godt den beskrivelse du giver,da jeg er født på landet, hvor vi hade en lille gård hvor det foregik samme måde som du beskriver.Her tordner og regner stå i stænger ned fra himmelen
    Kan du have en rigtig god torsdag

    SvarSlett
  5. I am curious, why the house in striking red paint? But honestly speaking, I love the color of these houses ...

    SvarSlett
  6. Nydelege bilde!
    Rart med det me opplevde som barn, mykje av det er "gullkanta" av gode minne. Det du skriv om er nesten som om det kunne vore garden der eg vaks opp. Det var travle dagar for mor og far, men på sommarsøndagskveldane når veret var fint gjekk me på "nistetur" til Gullhaug. Haugen ligg to-trehundre meter frå huset og der har me utsikt norover, sørover og utover sundet. Gode minne for meg! Det er ikkje så mykje som skal til om me ikkje skrur forventningane for høgt opp.

    Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  7. Stakkels lille dig, som måtte ligge der indtil, onkel hjalp dig op :-)

    Og tusind tak for awarden, jeg blev så glad da jeg læste tilbage og fandt mig nævnt :-)

    SvarSlett
  8. Chua Pin, there is no reason why the houses are red. The owners want them red I suppose...

    SvarSlett