tirsdag 21. juli 2009

Luftetur i hagen / in the garden

På arbeidsdagar vert det lite med trening og turar. Eg er som regel for sliten. Eg er sjåfør, men langt i frå ein "stillesitjande" sjåfør. Eg sat og rekna på det i dag, og kom fram til at eg i dag, på ein dag med lite leveranser, har vore inn og ut av bil/buss ca 50 gonger.
Trening nok i seg sjølv......?
The days I have been at work, I do not go for a walk or do other sport, usuallu I am to tired.
I am a driver, but a driver who does not sit still in the car all day.
Today I have been counting, and I found that I have been about 50 times out and in of the car/buss.
Enough activity for one day...?

Litt utpå vart det bare ein luftetur i hagen. Deler av vår hage er fortsatt eit villniss - veldig godt at eg kan snu kameraet den vegen eg vil.
Instead I had a little walk in our garden.



Me ventar fortsatt på ein som skal grava, og steinsetja kantane rundt hagen. Han har etter fleire brotne avtalar, lova å få det gjort før august....

jaja, eg vil nå sjå.


Om eller når noko skjer på den fronten, så skal de få sjå både før og etterbilete



Vi har ingen ly for ver og vind for tida, så det meste er nokså "forblese"



men nokre fargeklattar her og der, kan ein finna blant ugrass og anna rusk


min vesle rusletur er over

no skal føtene få kvila, henta seg inn at og bli klar til ein ny dag...
ha ein fin kveld.
now I'll let my tired feets take a rest, and be ready for a new day....
Have a nice evening.

1 kommentar:

  1. Jo kaka var vel ganske god den. Men etter min smak, litt tørr. Jeg liker de nesten rå. Så egentlig syns jeg brownis er best. Men ikke alle i familien er enige i det. Så da får en variere litt.
    Koselig rusletur i hagen. Nei det er ikke alltid det nytter å trene etter en aktiv arbeidsdag.
    Håper du får en god natt :)

    SvarSlett