lørdag 24. oktober 2009

Det informerte samfunn

I desse dagar kjem sanninga fram,
ja, kor mange kroner du tjente, har på konto
og kor mykje skatt du har bidrege med til samfunnet.....
Dette er eit ømt tema for mange,
naboen, venner eller kven som helst kan sjekka deg,
venner, uvenner eller kjendiser om dei vil....
Er det alltid slik som det står skreve i desse listene?
gjer skatteetaten alltid det som er rett....?
Kva då med den som står oppført med millionformue og ikkje har det...
eller den som står oppført med lita inntekt og faktisk ikkje lever på sveltegrensa....
Slikt set tankar og meiningar i sving, hos oss alle.
.
Når dette då står svart på kvitt i avisa, kva då?
Me trur jo på det som står skreve der,
og om einkvan/ den det gjeld prøver å seia noko anna
vil me då tru på det????
.

Dette opptek meg/oss for tida,
fordi vi er i år som i fjor, komne i den gruppa som står oppført med feil informasjon.....
vi fekk mildt sagt bakoversveis, og lurde på når kemnaren kom og krevde gard og grunn,
nesten på topp i inntekt i kommunen,
ja det står i avisa.....
men me føler langt frå den millionæren som me er blitt oppførte som.......
.
Me føler oss meir som havet på ein uversdag,
urolege og opprørte ....
.
me er i den situasjon at vi har eit firma som ordner slikt for oss, heldigvis....
dei såg snart feilen, og har kontakta skatteetaten
feilen er notert og skal rettast opp
men ro i sjela har vi nok ikkje, før neste brev kjem
forhåpentlegvis med heilt andre tal....
.
Kva då med det som står i avisa,
vil skatteetaten retta opp desse listene?
.
Er det rett å leggja listene ut for offentlegheten?
Eg bare spør.......
.

Er det alltid bra med eit så vel informert samfunn?
Eg bare spør....

6 kommentarer:

  1. Nei det er jo ingen som egentlig har behov for å vite hva andre tjener. Og når opplysningene i tillegg er feil. så er det veldig dumt at det blir lagt ut.
    Ønsker deg ei god helg, tross alt :)

    SvarSlett
  2. Tror at det alltid vil være delte meninger om dette (sånn som det er med det aller fleste, hehe) - men er egentlig enig med deg, det er ikke alle som trenger en slik info.
    Godt at dere fikk ordna opp i hvert fall.
    Ha en herlig helg og nyt dagene.

    SvarSlett
  3. Nei, jeg mener at det ikke er rett å legge ut disse listene. Hvorfor skal andre vite hva du tjener? Må si at jeg egentlig aldri studerer slike lister, liker ikke at slikt blir offentliggjort. Når det så i tillegg er slike feiler som de du skriver om, blir det jo helt galt.
    Må bare få legge til at du har vakre bilder til dette innlegget. Takk for fin kommentar! -Margit-

    SvarSlett
  4. Tingene er heller ikke altid som man skulle tro... og hvis oplysningerne tilligemed er forkerte... offintligørelse er ikke altid af det gode, faktisk er det sjældent en god ide, og da slet ikke når det, der offintligøres er forkert... Forstår til fulde din uro...

    SvarSlett
  5. Eg er heilt samd med deg her. Kva i all verda har eg med kva naboen tener? Dette fører berre til ein ting etter mi meining og det er missunning!

    Ekstra ille blir det jo som i dykkar tilfelle der det er feil. Om det blir retta opp i etterkant kjem retting aldri i avisa, ver du sikker.

    Ønskjer deg ei god helg uavhengig av inntekt :)

    SvarSlett
  6. God morgen!
    Eg åpna bloggen din i går, å fekk ikkje sett på den då eg har våre "småbarnsmor" si torsdag! Litt krevande ja! Men kjekt og! Nå ligg ho å snorkar mens eg koser meg med frokost, kaffi og blogg! Trenge ikkje vekkast før eg må?? Ska levera i Barnehagen før eg går på trening i dag. Håper at det går fint...

    Ha en fine dag Ruth!!

    SvarSlett