onsdag 15. mars 2017

Onsdagstur nr 3 2017

Eg valgte å starte dagens tur på Grødeland museum,
eit bygdetun som høyrer til Jærmuseet.
 i hagen står påskeliljene i knopp
 - mi vandring fortsetter mot havet
- eg lytter til fuglekvitter
- eg ser på vipa som fyk opp og ned,
medan ho skrik sitt varselskrik
 havduren er sterk
bølgjene slår kvite mot land
det var kald vind, 4 regndråper og tunge skyer når eg starta
 det gamle naustet på Sør Reime har overlevd nok ein vinter..
 det vart med eitt ei opning i skylaget
sola skin frå blå himmel
 i sørleg retning er skyene fortsatt gråe og tunge
 - på Reime
 steinrike Jæren
 ein liten rast i sola
så fint å bare lytte til naturens eigen musikk
 - det er nok ikkje så lenge til 
før bøndene er i full aktivitet og våronna i gang
 det gamle trenaustet på Reime 
har og halde stand gjennom vinterens stormer
 sola fosvinn og skyene dekker igjen himmelen
den kalde vinden aukar på igjen
 langt der framme er Obrestad havn, 
dagens mål
denne delen av Jærkysten er ikkje flat,
så her er motbakker og nedoverbakker
ein frisk og fin tur, i vakker natur

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar