lørdag 11. august 2018

morgon og kveld..

Det er meldt regn, ja, mykje regn...
rett før regnet kom,
så fekk vi eit gløtt av morgonsol..
 det varte kun nokre få minutt,
men det var som om himmelen stod i brann
rundt sola
 så datt regnet ned,
det var grått og vått heile dagen,
men like før solnedgang,
så sprakk skylaget,
- sola kom igjennom
det vart eit fantastisk skue,
skyer i alle slags former og farger,
og sol med himmelbrann rundt seg
fotografert frå altanen her heime...
Vakker avsluttning på ein grå dag.

1 kommentar:

  1. Magisk, rett og slett! Vi ser aldri himmelen slik her vi bor. Fint at du deler!

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett