lørdag 1. mai 2021

Kjervall, Eigrsund Kommune

Det er lenge sidan eg har vore på desse tufter.
Ting endrer seg, våre veier endrer kurs,
og det er ikkje lenger heilt det same å besøke denne plassen.
Eg har kjent meg "heime" her,
men når ein del av livet her endrer seg,
så føler eg meg nå meir som ein turist..
Plassen gir likevel den freden og roen,
som eg alltid har kjent her.
å vera i nuet her,
å bare ta til seg av det naturen byr på,
er ei lisa for kropp og sjel.
området er mykje brukt til fotturer innover langs vatn og fjell,
 på vei og sti.

mitt mål er dette vesle nedlagde gardsbruket
Kjervall og Kjervallsvatnet
mang ein gong har eg vandra rundt på desse tufter
og på kalde dagar, 
hatt rast inne i huset,
med varme frå vedovnen
ja, følt meg som ein del av livet her
ved naustet er det stille,
båten er lagra på innsida

sopp på eit nedsagd tre
uthuset 
tre nøtter til askepott
stien på andre sida av tunet
går ned til Kjervallsvatnet
kvitveisen lyser opp over alt


denne gongen sat vi i solveggen,
og hadde rast på framsida av huset.
Ein plass eg alltid vil ha mange gode minner frå,
men det er ikkje heilt det same å besøke plassen,
når ein av "grunnsteinane" er borte.

2 kommentarer:

  1. En utrolig idyllisk plass! Skjønner godt det var fint å komme tilbake. Og kjempefine bilder som alltid hos deg!

    Ønsker deg fine mai-dager!

    Klem Ingunn

    SvarSlett