fredag 10. juli 2020

Vigdel strand-mot Ølberg 10.07.2020

I dag var det tungt å kome i gang,
så eg måtte gå nokre runder med meg sjølv,
før eg fekk på meg turkleda,
og kom meg ut..
Kroppen spela ikkje på lag,
og ville nok helst bare teke livet med ro.
 Vigdel strand vart mitt utgangspunkt i dag.
Eg har vore her fleire gonger,
men alltid gått på sørsida av stranda.
 I dag går turen på nordsida,
i retning Ølberg,
på kyststien
 sol og blå himmel,
frisk bris og til tider kjølig i vinden
 eg går forbi stranda,
der endrer lanskapet seg totalt
 berg og store steiner
 med kulturbeite innafor
 ein flokk villsau tek livet med,
og bryr seg lite om ein ivrig fotograf
 berg og stein så langt ein kan sjå
 tilbake til Vigdel strand
 eg finn meg ein plass litt oppe på berget,
kjennner sola varma
og vinden som rusker i mitt hår.
Ser på bade- og båtlivet under meg,
og store båter som passerer der ute på havet
Det var det skulle til,
kroppen har funne roen,
og energien er tilbake.
Dørstokkmila kan vera lang,
og då handler det mest om å koma seg ut,
ikkje kort langt eller fort ein går.
God fredag ettermiddag/kveld.

torsdag 9. juli 2020

Ved Figgjoelvas utløp, Bore/Sele strand

Jærkysten er lang,
med mang ei sandstrand.
Eg vandrer i dag,
der Bore og Sele møtes,
på kvar si side av Figgjoelva.
 Feistein fyr.
Mellom øya fyret ligg på, 
her på grensa til Sola kommune i nord
og Raunen, Brusand, sør i Hå kommune, i sør,
finns det ingen andre øyer.
 stor møter liten
 steingarder finns det over alt på Jæren
 på rekke.. nesten..
 Sele strand er ikkje så lang
 Feistein fyr
 elv møter sjø
 skyene kjem sigande frå aust
Det er fint å vandre langs strand og sjø

tirsdag 7. juli 2020

Heima på Bø, Nærbø 07.07.2020

Etter dager med kuling og storm
regn i store mengder,
kom sola igjennom.
Dei mørke skyene blir litt etter litt
erstatta med store flotte skyer
og blå himmel
 eg rusler på eigne tufter
Porten til den gamle kyrkjegarden
  er eit mykje brukt motiv.
Det er så fint
når skyene kjem sigande 
mot/over steingard og port
 skyene endrer stadig form og farge
og lyset varierer
 geiteramsen er i full blomst
 nyperosene vaier så fint i vinden
 kyene bryr seg lite om fotografen,
 ei lang mørk sky strekkjer seg over mitt hovud
 der, fann eg enden på skya
det er fint å rusle slik på vei og sti,
lytte til fugler, insekt og humler,
kjenne eimen av blomar og dyr
høyre bekken sildre
sjå på det som veks på åker og eng
Ei blanding av farger og former,
- naturens eigne symfoni

torsdag 2. juli 2020

Ein liten rusletur på Nærland

Endeleg er det igjenrom for eit lite blogginnlegg.
Ein rusletur på grusveg,
mellom steingarder
langs bondens åkrer.
 vinden rusker i mitt hår,
fuglane kvitrer
kornåaksa valser i vinden
skyer store og fine
 mang eit motiv dukker opp på min veg
 eg driv på med mitt,
kjenner roen senke seg
det er fint å vera ute på slik tur igjen
 fint å sjå på kornet som danser
vipa sender ut sine varselsskrik,
og vil ha meg bort
små lubne vipeunger går i sjøkanten,
tett med min vei
 Ha ein fin kveld!