onsdag 14. oktober 2009

Lilla i min heim

Eg har blitt utfordra av Lene til å finna 7 ting i min heim, som er lilla....
første tanke var, at her finnst ikkje mykje som er lilla.
Tankane begynte å kverna, og kreativiteten arbeida på høgt gir.
Eg tok meg ein runde i heimen....
Her er det eg fann:

tysk arbeidsbok.
Eg har så lyst å læra meir tysk, og melde meg på kurs for vidarekomne,
og gjekk til innkjøp av bøker.
For få meldte sin interesse, kurset vart avlyst
og i mi hylle står nå eit sett med nesten uåpna tyskbøker....
Som så mange andre, har eg og hatt ein draum om å spela på gitar.
Den dagen vi fekk tilbud om kurs, gjennom arbeid, meldte eg meg på.
Var ganske ivrig i kurstida, og brukte det vesle eg kunne på arbeid.
Den dagen denne brukaren ikkje lenger hadde ein gitar,
tok min gitarspelande karriere slutt,
og bøkene havna i bokhylla....

Servietter har eg mykje av,
og i serviettskuffa mi måtte det vel vera lilla servietter, tenkte eg.
Eg har ein resteboks for serviettar,
som eg tek fram når det kjem nokon innom som samlar på serviettar.
Her fann eg ikkje mindre enn 5 forskjellige....
eg bruker mykje stearinlys,
og har sand/stein i forskjellige fargar, brukt til forskjellige anledningar, på lager.
Jammen fann eg ikkje lilla steinar og...
Dette biletet kjem frå Estland.
For nokre år tilbake, hadde vi ein estisk gut buande her, i 1 månad.
Han kom nesten tomhendt, i kofferten låg det kun eit kledeskift,
så vi måtte utstyre han med det meste....
I Estland var situasjonen den, at desse som ein gong måtte gje frå seg gardsbruka sine,
til store felles bruk, skulle nå få sine bruk tilbakeført.
I dei store samdriftene, hadde alle sine oppgaver
og dei var nokså einspora.
Ein køyrde traktor, ein stod for melkinga, ein fora dyra osv.
Denne guten var ein av dei som skulle få tilbake familiegarden,
og han skulle læra litt om korleis bøndene her arbeida.
Første jula etterpå fekk vi tilsendt fleire gåver, blant anna dette biletet.
Gardiner....
For eit par år sidan hadde vi bestemt at vi skulle male vinduskarmane..
i det vi starta, fekk vi og ein ide om å male alle veggene i stova -
du veit, når vi likevel var i gang med malekosten.
Når den nye fargen på veggene var på plass, då passa jo selvfølgeleg ikkje gardinene,
så då fekk vi jo invistert i nye gardiner og....
lilla løpar....
I fjor var eg så heldig å få kjøpt meg ein lengde av denne løparen.
Det er min onkel på 92 år som har vove den.
Han har dei siste åra vore på dagsenteret og hatt veving som si oppgåve.
Det er ikkje få metrar han har vove.
No er han ikkje lenger i stand til å veva, han bur på sjukeheimen og stortrivest der.
St. paulia
Når eg var ute å handla i går, hadde eg ikkje klart å finna 7 lilla ting,
og eg tenkte eg kunne fjuska litt med å kjøpa meg ein lilla blom
Når eg nå reknar etter, så har eg nå 8 ting frå min heim, som er heilt eller delvis lilla -
så det vart ingen fjusking likevel.....
......
Dette var ganske kjekt, så eg vil utfordra

til å finna 7 grøne ting i deira heim

8 kommentarer:

  1. Oj! Takk for utfordringen, hehe, lilla??? Spørs om jeg klarer å hoste opp det da.
    Morsomt i hvertfall, skal ta meg en runde i huset med apparatet på slep...
    Ha en fin fin dag, her sliter vi enda med influensaen.
    Klem fra Helen

    SvarSlett
  2. Hehe, ser man det ja.
    Da blir det jakt på grønt, hehe... viktig å lese alt med andre ord.

    SvarSlett
  3. Morsomt innlegg! Blir spennande å sjå ka dei andre finner på.

    Smil L

    SvarSlett
  4. Ja du har vært flink.
    Jeg slet med å finne sju ting. Har jo en del servietter, også lilla. Men det kom jeg jo ikke på.
    Ønsker deg en god kveld :)

    SvarSlett
  5. Tak fordi du gad lege med :-) Og dine minder knyttet til tingene var dejlige at læse :-)

    SvarSlett
  6. Helluuuuuu!
    Takk for tilbakemld på bloggen min :-) Og for UTFORDRINGEN eg tar ann eg... Men må bli ferdig med oppussingstyret mitt først.....!!

    Hadde utfordringa våre turkis hadde det vært jort på 1-2-3 så nå drive eg å ser ette grønne ting! Manglar bare ein ting faktisk... Å då har eg ikkje konsentrert meg så voldsomt...

    Etter en liten blogg-runde er det "rydding på kontoret med beste utsikten i heile Rosendal" som står for tur:-) Ha en super kveld Ruth!!

    SvarSlett
  7. Stilig..
    Og så er no lilla haustens motefarge nr.1 ;-)

    Likte best den løparen som onkelen din hadde vove.
    Husbonden kjøpte vevstol til meg i sommar, den står der no den... Men kanskje ein vakker dag?

    SvarSlett
  8. Litt treg av meg fort tiden.
    Har prøvd å finne noe lilla hos meg.men har ikke funnet noe.
    Klem

    SvarSlett