søndag 14. februar 2016

Ein av dei dagane...

Det er ein av dei dagane,
at hovudet er klar for tur og aktivitet,
men kroppen er litt treg...
- sola skin frå blå himmel,
det er eit par minusgrader 
litt kald bris frå sør
då eg starta turen frå Grødaland
- sjøen er mørk blå og nesten blikk stille
- eg kjenner snart at kroppen ikkje er i godlaget,
det blir tyngre og tyngre å gå,
- det handler mest om å konsentrera seg om å ta steg for steg,
- detaljer og fotomotiv er ikkje lenger så viktig
- her og der knipser eg et bilde eller to
men er ikkje lenger fokusert på det som skjer rundt meg
- veien føles ekstra lang
- det er tungt å klatre over alle dei mange gjerdeklyvarane
- det er godt å endeleg sjå målet mitt, Obrestad,
der sjåføren venter på meg...
Det er likevel ein god følelse, 
å ha gjennomført turen,
at eg kom meg ut i frisk luft, 
i staden for å sitje i godstolen heile dagen
.
- etter ei natt eller to "på lading",
er eg snart klar for nye utfordringer....

1 kommentar:

  1. Så flott at du kom deg ut på tur selv om kroppen var tung!
    Som oftest er det godt å være ute på tur, og BESTANDTG er det godt etterpå!
    Jeg er straks klar for skitur. 22 minus i morges, men nå er det steget til 15. Sol fra skyfri himmel.

    Fortsatt god søndag!

    Klem

    SvarSlett