søndag 22. mars 2009

Søndags morgon

På ein stille søndags morgon går eg meg ein tur, på gardsveier, åker og eng. Sjølv om garden grenser mot gjennomfartsveg, så haurde eg ingen bilar på min veg. Det er kun fuglane som kvitra på sitt vis, elles heilt stille.


Steingardar har vi mange av, dei er laga på handamakt i si tid, og lager eit skilje mellom jordlappane. Dei kunne nok fortalt mangt frå farne tider, om dei kunne snakke. Om gode år og uår, om kjærestepar som lurde seg til ei stund for seg sjølv bak ei heskje, om hester, kyr eller andre dyr som har beita her. Kanskje det var på dette stykkje, han gøymde våpnet for tyskarane, den unge guten frå denne garden, som vart sendt til Trandum og aldri kom heim att.


Her er det bare fantasien som stopper for kva som kan ha foregått på desse jorda. Slikt ein kan fundera over på ein stille morgontur.


Vipene fauk opp og ned, skreik på sitt vis. Eg gjorde ein sving over eit jorde der eg ein dag tidlegare såg vipa. Eg ville sjå etter reir eller start på eit reir. Eg var nok på ville vegar, for vipa kom ikkje etter meg, for å skrema meg vekk. Eller så haldt ho seg borte, slik at eg skulle tru eg var feil spor....

Sjølv om eg har gått her mange gonger, finn eg stadig nye motiv.


Vill hyll finns det mykje av rundt om på garden. Dei er fine å sjå til, men eit vanskelig "ugras" å bli kvitt.....

I dag pakker eg kofferten, og i morgon tidleg set eg kurs mot Oslo, for tre dager på kurs.
Det blir nok lite med tur og natur i asfaltjungelen der....

God søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar