torsdag 5. mars 2009

Vibå er komen

I det sola kjem over åskammen er eg ute på tur. Vinden er sterk og til tider så sterk at eg har litt problem med å pusta. Eg kjempar meg i motvind oppover bakken, det går seinare og seinare. I det eg nesten er på toppen så meiner eg at eg høyrer vipa sitt varselskrik, som ho gjer når ein kjem henne for nær. Eg vert så oppteken av å lytta og sjå etter vipa at eg merker knapt at eg går.

Når vipa ligg i ro på bakken kan ho vera vanskeleg å sjå. Kvart år byggjer ho reir på desse jordene, så det er ikkje uventa å finne henne her. Etter ei tid såg eg noko som likna i mellom nokre tørka grasstrå. Eg gjekk mot henne for å vera sikker, og der for ho opp og ropa ut sine varsler om å ikkje koma nærmare.
Då hadde eg oppnådd det eg ville - fått eit bevis på at det var vipa eg hadde haurt - eg trekkte meg tilbake og vandra vidare.
Ein fin morgontur.

Dette viser at ein treng ikkje gå over "haug og hammar" for å oppleva naturen, ein må bare ta seg tid til å lytta og sjå på det naturen har å gje.

PS: fuglar er ikkje min spesialitet, så her har eg brukt ein kjenning sitt bilete.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar