onsdag 11. mars 2009

Tur på stranda

Det såg ut til å verta ein fin dag, i dag tidleg, då eg stod opp. Eg bestemte meg for å snu på "flisa", og gå meg ein tur på stranda. Sykla inne på ergometersykkelen kan eg gjera på ein regnversdag.

Då sola var på veg opp, tok eg nokre bilete frå kjøkkenvinduet. Skodde og dis ligg over landet, og gjer det heile eventyrleg,






"Tigerkatten" kjem så snart ho høyrer lyden av vinduet. Ho er forveten og må ha det meste med seg.



Det som møtte meg då eg steig ut av bilen, nede ved stranda, var ein enorm stillhet. Ingen vind, ingen havdur, og eg kunne heller ikkje høyra bølgjene som slo mot stranda.



Skodda kom og gjekk, men disen gjorde at sola ikkje fekk koma heilt igjennom.






Heilt nede ved sjøkanten gjekk eg til lyden av bølgeskvulp og måkeskrik. Eg fekk slik ein indre ro, og tenkte at i dag skulle eg hatt nistepakken med. Her kunne eg ha vore lenge.





I skoddeheimen såg eg to måker på ein stein, der dei hadde sitt morgonstell.





Ein stor flokk med Tjeld, hadde samla seg nede i fjøresteinane.

Eg trega på at eg ikkje hadde med ei anna linse, til fotoapparatet, slik at eg kunne fått fanga øyeblikket på ein bedre måte.

Eg er i ettertid glad for at eg lot meg sjølv endra på treningsprogrammet i dag. Elles hadde eg ikkje fått denne fine morgonen på stranda.


Eg har i tillegg hatt to økter i bassenget.

Første økt:

Eg trur fysioterapauten hadde bestemt seg før å "kjøra" oss hardt i dag. Ho stod på, full fart utan stopp, til musikk av Strauss og Sousa. Som vanleg var det latter og morro heile tida.

Andre økt:

Stort mannefall og eg vart utpeika til badevakt/trener. Det vart både symjing og øvelser, men ikkje så effektivt som vanleg. Vi tre damene som var der, kosa oss, i den luksus det er å ha basseng og boblebad for oss sjølv, og ikkje minst få gjera som vi vil..........
Nyt soldagen!






1 kommentar:

  1. Fine bilder og ein nydelige katt! Eg har lyst på ein katt men er så allergisk.

    Du trena masse. Eg får litt dårlig samvittighet, he he.

    Ha ein fine kveld!

    SvarSlett