mandag 9. mars 2009

Sjølv om snøklokker og krokkus står i blomst, og det vår i lufta, så er det ikkje den store varmen ute. Regn/sludd/hagl i byger, gjer at det godt å koma inn att til oppvarma hus etter turar.
Eg har no begynt å sjå fram til meir varme i lufta, slik at eg kan pakka nista i sekken og dra på lengre turar.

Her på flate Jæren så er snøen borte, men ein skal ikkje langt før bakkane er kvite. Eg må nok vente til snøsmeltinga er komen litt lenger før eg tek avgårde til "mine" turstader, for der ligg nok snøen ennå.

Inntil vidare får eg bruke stranda, som eg har gjort heile vinteren.

Dagens aktiviteter:
Heimatrim - sykkel, øvelser, sykkel.
Hadde ein ny runde av same slaget, hos fysioterapauten.

1 kommentar:

  1. Hei Solsikke! Så fine bilder du tar. Eg blei så glad av å kikke rundt i bloggen din :)
    Eg skal følgje med videre...

    Ha ein fine kveld.

    Hilsen Løvetann.

    SvarSlett