lørdag 28. mars 2009

ABBA



I kveld har ABBA faktoren vore høg, i bygda.

Mitt musikkorps har samarbeida med kulturskulen, leigd inn sangsolister og ekstra folk på diverse gitarer/piano. Dei eldste, frå 13 år, i skulekorpset har og fått vore med.

Eg må ikkje gløyma gruppa frå kulturskulen, der alle er psykisk utviklingshemma, dei spela Waterloo.

Små jenter og gutar dansa, tre gutar var solister på gitar og saxofon, alle frå kulturskulen.

I korpset hadde alle ABBA kostymer, det var litt av eit syn.

Eg for avgårde med sommarfuglar i magen, følte meg ikkje klar for konsert. Eg har vore borte dei 3 siste øvelsane pga kurs og arbeid, og på desse øvelsane har heile programmet blitt sydd i saman. Rettelser i notene her og der, har dei og gjort....

Då er det godt med gode medmusikanter som viser vei gjennom konserten.

Folket i salen med ordførar på første benk, nikka til musikken, det var tydelig at dei kjende seg igjen i det som foregjekk.

Konserten gjekk bra den, og om eg skal skryta litt av meg sjølv, så får eg sei som jærbuen gjer når noko er bra - det gjekk ikkje så verst.
Nå er eg klar for ny innsats i morgon.



Før eg gjekk på arbeid i dag, gjekk eg meg ein tur på gardsveiene. Vipa var veldig aktiv, skreik og kretsa rundt meg på deler av turen. Somme gonger måtte eg stoppa opp og lytta til "bankelyd" over hovudet mitt. Det var faktisk vingeslaga til vipene, eg trur ikkje eg har høyrt det før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar