torsdag 28. mai 2009

eit lite livsteikn

Etter fleire dagar med øs pøs regn, kikka sola fram i dag. Det var godt å kunna gå ut, utan regnklede.

Her eg sit, ser eg ned på sjøen. Det er sjø, men det ser mest ut som eit vatn.

Det er heilt stille, bortsett frå fuglane som syng.


Dagane er travle, med all slags aktivitetar, både trening og teoretiske emne. Intensiteten aukar og det kjennes godt i kropper som etter kvart har blitt litt støle.

I dag har dei fleste av oss vore trøytte og slitne, vi er slett ikkje vane med denne mengde sportslege "utskeielser"..... men dette vil jo verta bedre dag for dag.

Etter dagens dose trening, er det tid for matlaging. Det er enkle og gode rettar, men dei små kjøkknane er ikkje berekna på "storhusholdningar", så vi går litt oppå kvarandre.

På menyen i dag: kokte grønsaker med løk, kokte pastaskruer, kyllingfilet og champignonsaus.

Jysla godt.....

Det vert lite tid til fotografering, men eg var ute ein kort runde no i kveld.


Det å lasta inn bilete tek ein evighet, pga av dette trege nettet, så det vil ikkje bli så mange foto herifrå, om gongen.

Ha ein fin fredag!

1 kommentar:

  1. Det lyder som om I virkelig får noget ud af kurset. Hvor lang tid varer det? Og er det folk med samme skavanker, der kommer der. God pinse :-)

    SvarSlett