Det har vore ein stille og avslappande ettermiddag. No i kveldinga rusla eg ein tur i hagen, for å finna eit motiv eller to til bloggen.
Eg er ikkje flink med blomsternavn, så nokre av bileta er utan tekst.
It has been a quiet and lazy day after work. I have just been a little trip into the garden, trying to find a flower or two to make photos of.
I am not clever to learn names of flowers, that's why some photos have no text.
Løytnantshjerte
tulipan på hell
tulips
det blomstande kirsbærtreet er "tungt" av blomar
og "dronninga" vår
and our "queen"
Det er ikkje så nøye med namna, det viktigaste er at blomane trivst og det gjer dei hos deg ser eg.
SvarSlettFine bilde :)
Alelam er slike som me må "ale" opp sjølv eller flaskelam om du vil. Me brukar ein stamp med ti smokkar på. Det er litt plunder å lære dei til å patte på smokkane, nokre tar det med ein gong medan andre treng meir hjelp. Stampen må reingjerast skikkeleg annakvar dag, eg skrur alle delene frå kvarandre og legg det i klorinvatn. Lamma har fri tilgang på mjølkeblanding, lamme-kraftfor, silofor og vatn dei første vekene. Mjølkepulver og kraftfor er dyrt så det er lite eller ingenting å tene på å fore dei opp, men for meg har det ei etisk side også. Går sauen med tre lam vil som oftast det eine kome tilsides nokså snart og går for "lut og kaldt vatn". Eg veit om dei som kakkar dei som er for mykje for sauene i hovudet, men for meg blir det heilt feil å passe godt på dei i lamminga om ikkje alle som har livets rett skal få leve.
23sauer har fått 64 lam, av dei var sju daude eller døydde rett etter fødsel så me har 57 som lever. No er det berre ein sau igjen. Det er ikkje mange sauene me har mot mange andre, men det er no eit mask er det. Me har gammal bygning som krev ekstra reinhald samanlikna med det som er nytt og fint.
Ha ein fin kveld.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettLovely flowers, it's ok that we don't know all the names of the flowers so long as we are willing to share :)
SvarSlettLovely cat you have there ...
Greetings from cat city.
Nydelige blomster og en fin katt.
SvarSlettJeg er heller ikke så flink med blomsternavn. Men det er ikke så nøye, en kan heldigvis glede seg over de likevel.
Ønsker deg ei flott ny uke :)