mandag 6. juli 2009

Jærsk landskap / landscape at Jæren


Det varme veret gjer at det vert lite turgåing med meg.
(Eg har ein hudlidelse som forverrer seg i varmen, og gjer meg lite mobil dei varmaste dagane.)
I går drog mannen og eg på biltur i staden. Vi køyrde rundt i kommunen, på små vegar som sjelden vert brukt, og langs havet på hovudvegen.
Disen låg som eit teppe over landskapet, som han ofte gjer på sommarstid.
Igjen sit eg igjen med tanken om kor fint dei eigentleg er her, ope og forblåst men likevel er det noko der som tiltaler meg meir og meir.
kornet som vaiar i vinden..
Vindskeive tre og steingardar langs åker og eng...
traktoren har sett sine spor, etter mange travle arbeidsdagar
blomar og strå langs med veikanten...

På treningsfronten, vert det mest sykling - i kjellaren, samt litt på andre apparat eg har lånt.
Eg fekk heim ein romaskin, og hadde planar om å bruke den mykje i sommar, for å få god trening på overkropp. Sette igang, fekk det godt til og var veldig fornøgd med meg sjølv etterpå.

Litt seinare sette eg meg ned i godstolen, då kjende eg at eg var øm nederst i ryggen/øverst i baken. Det viste seg å vera ope sår, gnagsår frå skrua som fester setet på romaskinen....
Lite stas å verta bandasjert på ein slik plass.
Anten må skrua polstrast eller kanskje aller helst baken, før eg kan bruka det apparatet ei gong til....
Nei, eg får nok heller halda meg til andre treningsapparat. :-) -- og romaskinen kan igjen verta nedstøva i kjellaren til naboen....
Ha ei fin veke!

6 kommentarer:

  1. Har visst noen slike nedstøva apperater jeg også. Det er desverre lite de blir brukt.
    Kjedelig at du ikke tåler varmen så godt. Men nå er det vel slutt på den for ei stund.
    Ja Jæren er nydelig. Kjenner at jeg savner det åpne landskapet mer med årene. Må nok en tur nedover i løpet av høsten.
    Ha ei flott uke :)

    SvarSlett
  2. Fine bilder du viser :-)
    Har våre på Nærbø i helgå!!

    SvarSlett
  3. Det jærske landskapet tiltalar meg også. Eg likar at det er lys, luft og utsikt :)

    Fine bilde :)

    SvarSlett
  4. Flotte bilder av Jærsk landskap. Er titt og ofte der selv.

    SvarSlett
  5. Heia!
    Hadde de veldig kjekt på Nærbø. Men va dessverre ikkje på Refsnes denne gongen. Blitt liksom litt skjeldnare ette at besteforeldrene mine dødde... Onkel bur der endå, men han va kje heima i helgå...

    Kor e egentlig Skår?? E de mellom Statoil og Skjeraberget?? Eller e eg heilt på jordet??

    Ha en super kveld!!

    SvarSlett
  6. Hei igjen!
    De burde eg jo visst si Vestringen, Austringen og Skårveien (Der bror min forresten bur) Blir kalla Skårfeltet ;-) Mamma har søskenbarn på Lista ja :-D Men eg vett fortsatt ikkje kven du er....! Men då har du plassert meg -antagelig for lenge siden.. He He!

    Nyt dagen -eg jere visst ikkje tingå mine på jobb akkurat nå... :-O

    SvarSlett