lørdag 14. februar 2009

Arbeidsdag

I dag har eg i embets medfør køyrt nokre mil både ved havet og oppover mot høgjæren. Sol og fint ver, og eg vart overraska over kor få eg møtte på min veg. Kanskje dei er reist til fjells og skiferie alle saman.



Heilt nede i havkanten finn ein ei lita kyrkje med plass til 14 personer. Ein kan ikkje sjå kyrkja frå hovudvegen, men ho er likevel ofte besøkt, og mange starter turen langs havet herifrå.



Kyrkjegarden er heller ikkje stor, og var nok i si tid, mest brukt av dei som budde på dei nærmaste gardsbruka.


Som over alt på Jæren finn ein og her steingardar. Gardane er brukt som skilje mellom åker og eng, og vitner om eit hard arbeid gjennom mange år. Dei fleste gardane er laga med handamakt opp igjennom tidene.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar