onsdag 18. februar 2009

badedag

Mørbanka og stiv etter gårsdagens strabaser, var det tungt å koma igang i dag. Hadde helst lyst til å siga djupt ned i godstolen og ta livet med ro...

Etter frukost så gjekk det på rutinen, og med eitt så var eg i gang på sykkelen - for heimatrening. Kroppen vart bedre etter å ha vore i aktivitet, men var fortsatt ikkje heilt på topp.



Onsdag er ein av to badedager i veka - varmtvanns basseng - gruppetrening med fysioterapi.







Det er alltid kjekt å delta her, ein fin gjeng, med mykje humør.

Å gjera øvelser i vatnet gjer godt, og ein kan yta meir enn på land - mange gonger føles det nesten som om ein ikkje tek i, men etterpå kjenner ein seg matt.

Å vera i det varme vatnet, gjorde ein mør kropp fin igjen...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar