torsdag 26. februar 2009

Treningsfri dag

Vakna til sterk vind og regnver, og den morgonturen eg hadde planlagt, vart i første om gang utsett i påvente av bedre ver.
Torsdag er ein dag mellom to aktive dagar, og vanlegvis har eg kun ein kort tur eller ei roleg økt heime.
Ser no at det lysner i vest, om det vert godt ver utpå dagen, så kan det henda eg går meg ein luftetur seinare.
Brått datt det over meg noko arbeidslyst, lyst til å ta eit tak i heimen. Der er eg no, midt i klede og golvvask.
Når den lysta har gått over, skal eg ut å handle meir garn til pelsputa. Irriterande å ha fått med for lite garn.....
No har eg bestemt meg, eg innvilger meg sjølv ein treningsfri dag.
Det blir fyr i ovnen, ein stor kopp te og full fart med spødene ( strikkepinnane) i ettermiddag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar