torsdag 12. februar 2009

Vi har alle våre individuelle grenser for kor mykje som er langt/kort, tungt/lett.Eg har fleire gonger i forkant når ein skal gå frå A til B, spurt kor langt det er, og fått til svar - nei det er bare 5-10 minutt å gå, så det er ikkje så langt......
Kven er det langt eller kort for?


Eg har i mange år hatt ein draum, om å nå eit mål. For meg har dette virka uoppnåelig, då eg veit at det i lengste laget for min kropp, og nederlaget ville vore for stort om eg ikkje skulle klara det.

Det er fleire ting som må klaffa, om eg skal klara nå eit slikt mål, form, veret osv.


Ein kjølig junidag for nokre år sidan, snakka me om denne draumen min. Alt låg til rette, og me vart enige om at dagen etter skulle me prøva.

Dagen kom, eg må sei eg trega litt, fordi eg visste kva som venta meg på slutten av dagen, men eg følte meg klar til å ta smerter og nederlag som eventuelt måtte koma.

I sekken hadde eg pakka mat og mykje drikke. Det viktigaste var fleire sokkeskift og fotkrem (legges på som eit ekstra hudlag), for eg må skifte sokker ofte (aller helst sko og....) for å endre på trykk og gnag.

Så bar det i veg, opp igjennom fjellsider og ur, myr og sti. Vi gjekk gjennom skog og over berg. Mykje fin utsikt på vegen.




Undervegs måtte eg stoppa for å smøre på ny fotkrem og skifte sokker fleire gonger. Folk lurte nok på kva eg dreiv på med, når eg midt i brattaste ura drog fram sokker og krem.






Me gjekk og gjekk, og var komne så langt at me nærma oss målet, eg følte det gjekk ganske bra. Då begynte mannen å verta sliten, og han snakka om å snu!!??!!



Då vart eg så bestemt på at fram skulle eg, når eg var komen så langt så skulle eg til topps.
Til topps kom me.....




Det er eg som sit og dingler med føtene, heilt ytterst på kanten....


Gleda over å ha nådd toppen var stor, og turen var vel verdt slitet med å koma dit.











Me hadde ein velfortjent matpause, der me kunne nyta ein flott utsikt.

Medan me sat der, så sende eg sms til venner og kjente. Måtte bare fortelja om det store som var skjedd.

Har i ettertid fått høyre at folk ikkje trudde det var sant, eller at dei lurde fælt på, korleis eg skulle kome meg ned att....






















Det gjekk bra å koma seg ned att.
Eg var sliten og utmatta, kroppen var vond i dagevis, men kva gjer vel det - EG NÅDDE TOPPEN.

Kan henda eg prøver meg igjen ein dag, om alt skulle liggja til rette for det. Eg veit med meg sjølv, at på ein god dag så kan eg klara det igjen, og det er ikkje lenger noko nederlag om eg må snu på veien - eg har jo klart det!


I dag har eg brukt nokre lånte "fjær", eg var så oppteken av å nå målet, at det vart lite med fotograferinga den dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar