mandag 16. februar 2009

Aktivitet

I dag er eg igang igjen med mine aktivitetar.

Starta dagen etter frukost, med "heimatrim". Oppvarming på ergometer sykkelen, diverse øvelser og avslutta med ny runde på ergometer sykkelen. Tilsaman blir dette ei god aktivitetsøkt, noko som eg i følge fysioterapauten bør gjera tre gonger i veka - har vore flink til no....

Etterpå roer eg ned med ei kopp te, før eg er klar for ein dose husarbeid.

Etter å ha hatt ein runde med diverse reingjering, er det tid for innkjøp. Når eg likevel skal ut med bilen, bestemmer eg meg for å gå ein tur på stranda i same slengen. Klær meg godt med superundertøy under og regnklede over - regn, vind og 2 grader ute.




Eg tregar litt når eg kjem ned stranda, eg hadde ikkje sett for meg at det var så mykje is og snø her. Eg likar ikkje å gå på slikt føre, fordi eg går så anstrengt og blir ofte ganske stiv. Eg tek avgarde likevel, i håp om bedre forhold heilt nede i vannkanten.



Isen og snøen ligg heilt ned til der som bølgjene slår mot land, glatt var det der og. Regnet og vinden auka på undervegs så det vart ein heller kjølig fornøyelse.


Det var ikkje mykje liv på stranda i dag, det einaste eg la merke til var denne andeflokken som hadde samla seg mellom steinane.
No kan eg vera godt fornøgd med meg sjølv, og dagens dose aktivitet. Eg kan nå finna fram boka, fyra godt i ovnen og riktig kosa meg, til pliktene kaller.
Ha ein aktiv dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar