søndag 12. april 2009

1. Påskedagsmorgon

Ein stille og roleg morgon på mange vis. Det er vindstille og disig. Eg var omtrent den einaste som var ute, så tidleg.

Reiste til Refnes for å gå min morgon tur. Her var det kun fuglane som kvitra, elles stille.

Av rein nysjerrighet måtte eg bortom der eg i går såg det alle trudde var ein delfin, men som seinare er nevnt som ein tannkval (dei er visst nokså like). Uansett, i dag var den borte.



På min vei tok eg til meg av stillheten, lytta til fuglesangen og bølgeskvulpa, det gjer så utruleg godt å ha slike stunder. Vi er alltid omringa av lyder frå all slags maskinar, somme tider er det godt å få "kvila" øyrene og bare lytta til lydar i naturen.

Bølgjene har sett sine spor etter seg, i sanden


Tørka tare i steinrøysa

Svanepar på tur med sine "små"


Ein liten kommentar til gårsdagens innlegg. Vaskebøtta fekk fri ein dag til. Vi vart invitert til fjells, på hytta til eit vennepar.

Dei hadde nettop fortalt oss om skitrekket som gjekk og skiturar dei hadde gått, så eg laga meg til og tenkte at no skulle eg ordna meg eit påskefoto med snø og påskegodt.

Eg har vel aldri før blitt så skuffa over mangel på snø. Ikkje eingong ein liten flekk til mitt foto...
Vel her er mine bilete frå påskefjellet.





Ha ein fin dag.

1 kommentar:

  1. Åh! Blei nesten salig avslappa av innlegget ditt! Ingenting er som ro og fred og bølgeskvulp.
    Har ikkje vore i nærleiken av snø i påska eg heller, ma laaangt til fjells.

    SvarSlett