torsdag 2. april 2009

"Kråketing" på stranda

Når skodda hadde letta, reiste eg til stranda for å gå tur. Som vanleg var eg nesten åleine, ein bil stod parkert der, men eg såg ingen folk. Stranda eller rettare sagt strendene er lange, så vi treng ikkje møta kvarandre om vi er i same området.

Når eg kom ned til sjøkanten, oppdaga eg at heile stranda var full av fuglespor.



Somme stader låg det fjører.



Andre stader hadde dei gjort sitt...

Det såg ut som om fuglane hadde hatt felles morgenrituale i sjøkanten.



Havet var stille og ein kunne nesten ikkje høyra bølgjene slå mot stranda.



Medan eg gjekk på sand og stein, merka eg at sola varma, til tross for litt vind. Det er godt å kjenna at sola varmer om kinn.



Det er ikkje bare av det gode for meg, at det blir varmare i veret, det kunne eg merka idag. Huda mi er ikkje glad i varme, og eg går no mot ei årstid der det vert verre for meg å ferdast i skog og mark. Eg vil nok ennå ei tid klara å gjennomføra mine daglege småturar, men tempo og lengde vil kanskje gå ned etter som gradene stig. Meir friksjon gjev meir varme, som igjen gjev meg problem med føtene. Tidleg på morgonen helst før sola står opp, er av den grunn beste tida på døgnet, for meg. Det vil nok verta mest morgonturar på meg framover.



Det hender likevel at eg tek ut på litt større utflukter, men det resulterer som oftast i 3-5 dager i godstolen til føtene er brukande igjen. No når eg er så godt i gang, vil eg helst unngå slike stillesitjande perioder, og må prøva finna andre alternativ. Eg er difor glad for at det nærmar seg tid for opphaldet i treningsleiren, slik at eg kan få litt tips om kva trening eg bør driva i sommar halvåret.
Basseng er best for meg, men kva då når bassenget er stengt i 2 mndr......?
Har nokon eit tips om alternative måter å vera aktiv på, tek eg mot forslag med glede.

2 kommentarer:

  1. Eg prøvde å legge inn ein kommentar som berre forsvann???

    Jaja, eg ville berre seie at bloggen din er nydeleg!

    Akkurat sånne bilde som eg likar!

    Ha det bra :)

    SvarSlett
  2. Hei på deg! Tusen takk for mailen, og ja, tiden går alt for fort! Det er en vakker blogg du har laget deg, jeg nyter hvert eneste bilde :-) Takk for titten, jeg kommer snart tilbake!

    Janet

    SvarSlett