fredag 3. april 2009

Skodde

Skodda heng tung over Jæren i dag, ein grå vegg bare få meter borte og lite sikt. Bestemte meg for å utsetja morgonturen, i påvente av mindre skodde, men no blir nok heller det kveldstur i staden - om skodda lettar.

Petter sprellemann (fysioterapauten) var på plass på bassengkanten idag - i KORTBUKSE. Han gjorde eit stort nummer ut av det, og fekk jammen svar på tiltale. Det er fint at vi kan skøya slik saman. Petter sprellemann følte seg sååååååå lett på tå, når den "tunge" joggebuksa var borte, så han "kjørte" oss ganske hardt...
Kjekk og god treningsøkt.

Etter at eg skreiv bloggen i går, om varme og redusert trening, har tankane mine surra rundt og rundt. Som vanleg når eg har noko eg funderar på, så kvernar det rundt i hovudet heile tida, og medan eg søv, til eg finn ei løysing av eit eller anna slaget.
Som alle andre har eg nokre duppedingser (treningsapparat) som er blitt stua bort i kjellar og loft, fordi dei ikkje er i bruk lenger.
Om eg tek dei fram, børster vekk spindelvev og spinnekjerringar, så kan eg laga meg mitt eige treningsstudio i kjellaren.
Desse er stua bort, fordi eg ikkje kunne bruka dei, på grunn av vondter her og der - du veit eg brukte dei utan vit og. Stod på og stod på, utan å ta hensyn til kroppen sine signaler- er det ikkje slik vi mennesker er....?
Til meir eg tenkjer på det, jo meir fornuftig høyrest det ut. Kjem tilbake til saken.

God helg og god tur til påskefjellet for den som skal dit.

1 kommentar:

  1. Nydelege vårteikn her hos deg i dag.

    Her hos oss har det vore skodde til i 12 -13 tida. Eg har jobba ute i heile dag. Me har hatt planleggingsdag i barnehagen der eg jobbar i dag. Me har vore i eit skogholt der barnehagen har ei lita hytte og rydda stein og greiner og sett opp leikeklatrestativ av tau.
    Trøytt i kroppen, men utruleg kjekt å jobbe mange saman :)

    Har eigentleg fått nok av fysisk fostring for i dag, men vil ut i hagen og ta bittelitt slik at det ser nokolunde ut på framsida av huset til påske.

    Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett