Min ferierende kollega er tilbake på arbeid, nå kan eg nyta resten av påsken og koma meg litt ut i naturen..
Sola prøvde å koma gjennom skylaget i dag tidleg, og eg hadde eit vakkert skue medan eg åt frukost.
Reiste til Refnes for å gå meg ein tur. Etter mange dagar i bilen, følte eg eit visst behov for å koma meg ut.
I aust kavar sola for å koma gjennom, i vest er det mørke skyer, og det ser ut som om regnet skal koma kvart øyeblikk.
Vinden tok godt somme stader, sanden har lagt seg rundt steinen,
på same måten som snøen legg seg i fenner.
Eg var ikkje den einaste morgonfuglen på tur. To damer fortalde meg at dei hadde sett ein død delfin i strandkanten. Det var utanom ruta eg hadde tenkt å gå, men nysjerrigheten tok overhand, og eg måtte ein tur nedom der først.
Eit yrande fugleliv langs heile stranda.
FAntastiske bilder,synd med den døde delfinen da.Kjekt at du fikk deg en fin tur.
SvarSlettHa en fin påske videre!