onsdag 29. april 2009

klar beskjed

Så ga kroppen beskjed, at sjølv om arbeidslysta er aldri så boblande, så er det best om ein ikkje kavar på over evne.

Mandagens enorme arbeidsmengde og tempo, vart litt i meste laget - klar beskjed frå kroppen sitt forsvarsverk.


desse blomane såg eg i graset bak sandynene - den einaste tuå på heile stranda -iallefall der eg gjekk




For å ikkje siga for langt ned i godstolen - noko som bare gjer "vondtane" verre - gjekk eg meg likevel ein morgontur på stranda, i sakte tempo.




Ein tur i bassenget vart det og, men igjen utan full innats. Det varme vatnet gjer godt på arbeidstrøytte kropper.



Dette veit eg altfor godt frå tidlegare erfaringar, men av og til klarer eg ikkje å sjå mine begrensningar. Er det ikkje slik vi menneskje er?

2 kommentarer:

  1. Så kjedelig da, når en gjør ting en føler en har lyst til og orker der og da, og så er det ikke så lurt likevel. Godt at en lærer litt etter hvert. Har nok ikke så mye problemer med kroppen som du, men kjenner litt til det.
    Godt du vet hva som skal til for at det skal bli bedre. Lykke til.
    Nydelig med fioler på stranda.
    Ønsker deg en god kveld :)

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha.
    Gode ord er godt å få alle dager, men gjer ekstra godt på litt tyngre dagar.

    SvarSlett