torsdag 9. april 2009

I far sitt drivhus

Etter eg var ferdig på arbeid i går, kom uveret. Det bles og regna ganske godt. Eg hadde planar om å gå på fotojakt i far sin hage, men vinden gjorde det vanskelig å få gode bilete.

Far er blant mange andre ting ein liten hobbygartner, han har nok prøvd ut det meste i det vesle drivhuset sitt. Den einaste plassen eg fann live for vind og regn var inne i drivhuset.


Bjørnebærbusken er på rett veg, nye blad veks fram.

Drueplanten såg nokså inntørka og ferdig ut, men jammen var det ikkje liv her og.



Ferskentreet var det einaste som var i blomst.


Det kan bli tungt for desse spinkle greinene, å bera fram store tunge fersken.


Ha ein fin dag.

2 kommentarer:

  1. Ferskenblomane er nydelege! Eg har høyrt at dei er vakre, men eg har aldri sett dei før.

    Ønskjer deg ein god og fin påske :)

    SvarSlett
  2. Kjempefine blomar. Aldri sett sånne før. Eg kunne godt tenkt meg et drivhus men eg orka ikkje alt som kryper der inne. Ikkje sikkert det e så møkje som kryper rundt i "Far" sitt drivhus men eg e ikkje begeistra for dei. Kos deg videre i påsken.

    SvarSlett