tirsdag 14. april 2009

Om 5 veker

har eg pakka bilen og er på veg til treningsleiren. Der skal eg vera i 6 veker, trena og læra meir om det å gjera ei endring i livet.
Mitt første opphald var i oktober. Sidan har eg prøvd å vera aktiv med det som mål, å få eit bedre resultat på alle testane eg skal gjennom, når eg kjem opp att.

I haust når mannen og eg var på tur, så hang eg som ein hale etter han - men i går var det han som var ein hale etter meg. Det må vel vera positivt til min fordel?
Nå skal det seiast at om det ikkje er ein motor eller veteranbil i andre enden, så er min mann litt treg å få med på tur, kanskje det er han som har fått eit tregare tempo ... kan aldri veta.

Uansett kva alle testar vil visa, så veit eg med meg sjølv at eg kjenner meg bedre, har meir energi og har fått tilbake det gode smilet og pågangsmotet.
Eg er på rett veg, det er det viktigaste for meg.


Endring: ja våren er og ei tid for endring.
Nytt liv veks fram

dyra vaknar til liv og aktivitet igjen

knoppane veks seg større og større


til dei tilslutt står i full blomst



Min hage er for tida ein "arbeidsplass", buskar og tre forsvinn litt etter litt. Har her fotografert litt av det som er igjen.

2 kommentarer:

  1. Då eg var på kurs med Emmeline for nåken veker siden fortalte ho at dåke skal av gårde igjen. Ho skryter veldig av deg og seier at du er supermotivert. Det blir vel litt tid til fotografering og blogging og, eller blir det fult kjør fra morgen til kveld?
    L

    SvarSlett
  2. Det vert nok tid til litt fotografering og blogging, men det kjem an på internet tilkoblinga der.

    SvarSlett