onsdag 1. april 2009

Barnehagetante

Det hender eg blir oppringt frå ein av barnehagane i bygda, fordi dei treng vikar. I dag var ein av dei dagane. Eg koser meg i lag med barna, og tykkjer at innimellom er det morosamt å vera barnehagetante (veit ikkje om det er ordet i bruk lenger....).
Det kan vera ein utfordring på mange måter, å koma inn som vikar, eg har heller ikkje vore på denne avdelinga på lang tid.
Somme barn skal testa deg ut, medan andre bare syns det er moro med nye personer. Føremiddagen foregjekk alt innadørs, og eg må bare innrømma at eg er ikkje lenger 20, og syns det var på høg tid dei kom seg ut, midt på dagen.
Ute får dei mest aktive boltra seg og springa alt det kan, utan å bli stoppa i leiken. Det er så flott å sjå korleis barna kan leika, når dei bare får vera i leiken utan forstyrrelser.
Eg havna i sankassen med nokre jenter. Eg veit ikkje kor mange pepperkaker og fødselsdagskaker vi har laga og "ete opp".
Heile ettermiddagen var vi ute, det var bare moro i godveret.

Dagen starta med tjukk grå skodde, men smått om senn kikka sola fram. Eg drøymde om å ta meg ein tur på stranda, etter arbeid. Men eg må sei det tek på kreftene å halda fylgje med barna, så det vart med ein tur i hagen.
Her er litt av det eg fann av interesse i dag:

Fine skyer

Tulipan i knopp


Hekken har fått blad

Desse fann eg under ein busk - navn ukjent.

1 kommentar:

  1. Hei Jæren.

    Det bilde av steingarden
    i tåken (?) var steinfint ; )

    Au revoir.

    SvarSlett