søndag 5. april 2009

I Garborg sitt rike

I iskald vind og sol som kom fram gjennom dis, har eg i dag vandra i Garborg sitt rike. Var så heldig at dette var første dagen hytta var open i år, og eg vart då årets første gjest....

Innimellom vindskeive tre finn ein Knudaheio: Diktaren Arne Garborg si sommarstove på Jæren.

" Det er ikkje mykje eg er så nøgd med i verda som "jærfjellstova" mi". Frå Dagboka 1919.


Trea som vart planta på Garborg si tid er mosegrodde, det same er steingardane og.



"Tanken gjev uro,
tanken gjev sut;
endå må du tenkja
dine tankar ut"


Det stig eit hav av alveland
med tind og mo
det kviler klårt mot himmelrand
i kveldsblå ro


Eg såg det tidt som sveipt i eim
bak havdis grå;
det er ei huld, ein heilag heim
me ei kan nå


Denne klokka er eit av to møbler han fekk med seg frå barndomsheimen.


På ein topp eit stykke frå hytta, har Arne Garborg fått sitt store minnesmerke. Her skuer han ut over Jæren, og ser alvane i solnedgangen i kveldsdisen.

2 kommentarer:

  1. Fantastisk innlegg!
    VAKKERT! VAKKERT! VAKKERT!
    Å, men eg skulle hatt lyst å gått turen saman med deg...

    Du må ta deg ein runde rundt om på bloggane og skrive kommentarar slik at andre oppdagar denne flotte bloggen din :)

    SvarSlett
  2. Hei igjen.

    Knallfine bilder i følge med
    et fint dikt. Jeg har vært der
    mye, ikke i huset, men tantå mi
    bodde i "nabohuset".

    SvarSlett