torsdag 16. april 2009

Mitt drømmekjøkken

I dag vert det ingen naturbilete, eg har heller ingen planar om fysisk fostring. Eg skal bruka dagen til husvask og matlaging. Damegjengen kjem til meg i kveld, og då må jo huset vera klart og god mat på alle fat........

Når vi bygde huset, i 1981, skulle alle kjøkken vera små. Mitt var mørkt og alltid overfyllt i tillegg. Eg treivst ikkje på kjøkkenet, og var me to stk der, var det ein for mykje.
Når alle fem sat ved bordet måtte den ytterste alltid flyttja på seg, om ein innnafor ville forbi.

Eg drøymde lenge om eit nytt større og lysare kjøkken.
For tre år sidan, vart det slik at vi kunne gjennomføra den store "operasjonen" på huset, vi lenge hadde snakka om. Kjøkkenet var dobbelt så stort.

Vi endra ein del inne, fekk større bad, samt byggde på kjøkken, "grovkjøkken" og vaskerom på baksida av huset.

bak konfyren har eg herda glas, og sjølvsagt, eit av mine foto

No likar eg meg veldig godt på kjøkkenet, har nok lys og fin utsikt frå bordet.


Me gjekk lenge å leita etter noko kunst eller anna, me kunne ha på veggene. I mitt nye kjøkken fekk eg plass til veggpynt, blomar og anna dill....


glass frå lokal kunstner



På IKEA fann vi 4 bilete t.v., dei kjøpte eg mest fordi dei passa i fargane, men har etter kvart blitt glad i serien.
Pinnastolane til venstre, har far min laga

Det var vanskelig å finna noko som passa i størrelse og fargar, og me leita leeeeeenge.
Ein dag fekk eg ein super ide, synes eg i allefall sjølv..
I mi eiga fotosamling har eg 1000vis av foto, kvifor ikkje bruka dei....? eg så gjorde....
( på kjøkken veggane har eg 10 store innrama eigne foto - endå er det ikkje overfyllt.....)



dette er eigenteleg eit bilete, som eg har teke to utsnitt av, og kopiert opp



mitt nye kjøkken er lyst
litt for mykje lys til fotografering, har prøvd med blitz som motlys
om kvelden er nok beste tida for bilete på mitt kjøkken
men no vart morgonbilete denne gongen

1 kommentar:

  1. Eg går også og drøymer om nytt kjøkken. Me har eit sånt lite som du hadde før.

    Kjøkkenet ditt er verkeleg flott, god ide å bruke eigne bilde. Spesielt det med å bruke herda glas og bilde over komfyren. Det skal eg iallefall gjere når det blir min tur :)

    SvarSlett